Visste du at i Sogn og Fjordane er det berre Frydenbø sine avdelingar i Førde, Sogndal og Sandane som er autoriserte merkeverkstadar for Nissan? Tek du servicen hos oss, kan du vere trygg på at bilen din vert teken hand om av dyktige fagfolk med spisskompetanse på Nissan.
Kvalitet og kompetanse – hand i hand
For dei fleste av oss er bilen både noko av det dyraste vi eig og eit essensielt reiskap for å få kvardagen til å gå opp. Å syte for godt og riktig vedlikehald er med andre ord særs viktig. Som autorisert merkeverkstad for Nissan er Frydenbø i Sogn og Fjordane det naturlege valet når din Nissan skal på service. Våre mekanikarar har høg kompetanse på Nissan og kjenner kvar ein modell inn og ut. Vi brukar sjølvsagt også berre originale Nissan-delar, slik at bilen din blir verande hundre prosent Nissan. Dette er ikkje berre ein garanti for at kvaliteten vert teken vare på, men det å kunne vise til servicar ved autoriserte verkstadar vil vere med på å heve verdien på bilen ved eit eventuelt vidaresal.
Alltid oppdatert
Som autorisert merkeverkstad er vi heile tida i tett kontakt med Nissan. Dette gjer at vi alltid er oppdaterte på dei siste nyheitene, teknikkane og tilhøva rundt kvar einaste Nissan-modell. Vil du sikre at din Nissan vert behandla i tråd med Nissan sine eigne retningslinjer og at du alltid får oppdatert til nyaste programvare, gjer du klokt i å velje service hos Frydenbø. Våre dyktige medarbeidarar deltek jamleg på samlingar og kurs, slik at dei alltid er i forkant av utviklinga og klare for å yte deg og bilen din den servicen dykk fortener.
Nissan Veghjelp – ein ekstra tryggleik
Ein annan fordel ved å ta servicen ved ein autorisert Nissan-verkstad er at du kan nytte deg av tenesta Nissan Veghjelp. Med Nissan Veghjelp er du sikra hjelp dersom uhellet skulle vere ute. Uansett om det er snakk om ein kollisjon, punktering eller andre tilhøve som gjer at du treng assistanse langs vegen, kan du alltid ringe Nissan Veghjelp. Nissan Veghjelp er tilgjengeleg for alle bilar med gjeldande nybilgaranti og kvar gong du tek service ved ein autorisert Nissan-verkstad får du tilgang på tenesta i 12 månadar. Med andre ord: om du følgjer Nissan sin anbefalte vedlikehaldsplan med årleg service, vil du alltid ha tilgang på Nissan Veghjelp.
Les meir om Nissan Veghjelp her!
Vi ønskjer deg og din Nissan velkommen til våre avdelingar i Førde, Sandane og Sogndal.
Er tida inne for service?
Vi i Frydenbø Bilsenter er opptatt av gode opplevelser når du kjører bil, men også når du besøker nettsiden vår. Derfor bruker vi informasjonskapsler. Noen av disse er nødvendige for at nettsiden vår skal fungere, mens andre brukes for statistikk og tilpasset markedsføring.
Les mer om vårt personvern her.