Går du med tankar om å kjøpe deg ein brukt Nissan, gjer du lurt i å gjere det hos oss som kjenner Nissan aller best.
Som autoriserte Nissan-forhandlarar har våre avdelingar i Sogn og Fjordane spisskompetanse på Nissan og alt som høyrer til. Vi veit betre enn nokon korleis ein brukt Nissan burde sjå ut, korleis den skal vedlikehaldast og korleis den skal følgast opp. Kjøper du ein brukt Nissan hos oss, kan du vere heilt sikker på at du gjer ein trygg handel.
Nissan CARED4 – Ein betre bruktbil
Nissan CARED4 er ei nemning vi gir til våre aller beste bruktbilar. Når du vel ein Nissan CARED4-bil, gjer du eit trygt og fornuftig val. Alle desse bilane er under fem år gamle og dei har aldri køyrd meir enn 100.000 kilometer.
Garanti
Alle Nissan sine CARED4-bruktbilar kjem med 1 år/20.000 km garanti. Det einaste kravet er at du sørger for å vedlikehalde bilen i tråd med Nissan sine krav.
Nordiske bilar for nordiske tilhøve
Når du kjøper ein Nissan CARED4-bruktbil kan du vere trygg på at du kjøper ein bil som produsert og utstyrt for nordiske tilhøve. Klimaet og geografien her i Norden gjer at bilane våre må vere rusta for ekstra tøffe påkjenningar. Vi garanterer at alle Nissan CARED4-bilar er bilar som har vore laga for den nordiske marknaden.
Tilstandsrapport
For å få nemninga Nissan CARED4 må bilen gjennom ein grundig, teknisk inspeksjon med strenge kvalitetskrav og gjennomgang av servicehistorikk. Det vert også sjekka at bilen ikkje har uteståande fordringar. Med andre ord kan du vere trygg på at alle aspekt ved bruktbilen er kontrollerte og sjekka.
Byterett
Dersom du ikkje er heilt nøgd med din nye Nissan CARED4-bruktbil, kan du fritt velje å byte den innan 30 dagar eller 2.000 kilometer. Då kan du byte bilen i ein annan Nissan-modell i samsvarande prisklasse.
Brukt elbil
Nissan CARED4 inkluderar også elbilar. Nissan har lang erfaring med elektriske bilar og vår populære Nissan Leaf var faktisk verdas første masseproduserte elbil. Alle brukte elbilar frå Nissan CARED4 kjem med ein eigen batteritilstandsrapport. Denne gir deg oversikt over batteriet sin status og førre eigars køyremåte. Den inneheld også tips til korleis du kan tilpasse køyringa di for å slite minst mogleg på batterikapasiteten.
Er du nysgjerrig på ein av våre bruktbilar? Ikkje nøl med å ta kontakt!
Vi i Frydenbø Bilsenter er opptatt av gode opplevelser når du kjører bil, men også når du besøker nettsiden vår. Derfor bruker vi informasjonskapsler. Noen av disse er nødvendige for at nettsiden vår skal fungere, mens andre brukes for statistikk og tilpasset markedsføring.
Les mer om vårt personvern her.