Enkelte gongar oppstår upårekna hendingar medan ein køyrer bil. Om du kolliderer, punkterer eller har gått tom for drivstoff, er det uansett hjelp å få. Nissan Veghjelp er ei teneste som gjer at du alltid kan føle deg trygg når du ferdast langs vegane.
Kven kan nytte seg av tenesta?
Så lenge bilen din er dekka av nybilgarantien, har du også rett på nytte deg av Nissan Veghjelp. Om bilen din ikkje lenger er dekka av garantien, får du tilgang på Nissan Veghjelp i 12 månadar kvar gong du tek service ved ein autorisert Nissan-verkstad. Med andre ord: om du følgjer Nissan sine retningslinjer for vedlikehald av bilen din, vil du alltid kunne nytte deg av Nissan Veghjelp.
Les meir om fordelane ved ta servicen hos ein autorisert Nissan-verkstad her.
Alltid tilgjengeleg
Om du havnar i ein situasjon langs vegen som gjer at du treng assistanse for å kome vidare, kan du alltid ringe Nissan Veghjelp. Tenesta kan til dømes nyttast i høve motorstopp, kollisjon eller utforkøyring, men også i situasjonar der du har punktert, gått tom for drivstoff eller låst deg ute frå bilen. Nissan Veghjelp er tilgjengeleg døgnet rundt, heile året, og kan nyttast i dei fleste europeiske land.
Korleis fungerer det?
Når du ringer Nissan Veghjelp vil eit team med kompetente Nissan-teknikarar rykke ut til deg så raskt som mogleg. I mange tilfelle vil problemet kunne ordnast opp i på staden, slik at du kan fortsette ferda med det same. Om dette ikkje lar seg gjere, vil køyretøyet og passasjerane verte frakta til nærmaste autoriserte Nissan-verkstad for reparasjon.
Om årsaka til problemet fell inn under garantien på bilen og verkstaden bilen vert taua til ikkje kan utbetre problemet same dag, kan du velje å nytte deg av eit av følgjande alternativ:
Gratis overnatting på hotell
Føraren og bilen sine passasjerar vil verte tilbydd gratis overnatting på hotell i inntil tre dagar medan ein ventar på reparasjon av bilen.
Alternativ transport
Nissan Veghjelp vil sørgje for transport til destinasjonen eller heim for føraren og passasjerane. Transport tilbake for å hente bilen vert dekka for ein person.
Leigebil
Om ønskjeleg kan reisa fortsettast med leigebil. Leigebilen vil vere av tilsvarande klasse som kundens eigen bil.
Dersom bilen ikkje kan reparerast på gjeldande verkstad i løpet av tre arbeidsdagar vil bilen verte frakta til heimstaden sin autoriserte Nissan-verkstad.
Nissan Veghjelp kontaktar du ved å ringe:
Frå Noreg: 66 98 39 27
Frå utlandet: +47 66 98 39 27
Er det på tide med service?
Vi i Frydenbø Bilsenter er opptatt av gode opplevelser når du kjører bil, men også når du besøker nettsiden vår. Derfor bruker vi informasjonskapsler. Noen av disse er nødvendige for at nettsiden vår skal fungere, mens andre brukes for statistikk og tilpasset markedsføring.
Les mer om vårt personvern her.