Nissan har over 80 års erfaring med å lage pickupar og det kjem godt til syne med nye Nissan Navara. Nissan sin populære pickup vert no både tøffare, sterkare og litt snillare.
Meir kraft, lågare utslepp
Motoren i nye Nissan Navara er no kraftigare enn nokon gong. Den har fått twin-turbo i staden for turbo og eit heilt nytt innsprøytingssystem som forbetrar drivstoffeffektiviteten. Nye Navara dreg framleis mektige 3500 kilo på hengaren, medan nyttelasta for Double Cab utgåva har auka med 100 kg og er no på imponerande 1180 kg. Kjølesystemet har vorte oppdatert og eksosanlegget er heilt nytt, noko som også førar til lågare utslepp.
Girkassa har også fått ein gjennomgang. Den manuelle kassa er heilt nyutvikla og har fått kortare girstong, endra girmønster, betre synkronisering og lågare støy. Den automatiske girkassa, med 7 trinn, har blitt oppgradert for høgare komfort og betre respons.
Nissan Connect
Eit av fokusområda Nissan har hatt med nye Navara har vore å gjere forholdet mellom førar og bil enda betre og meir intuitivt. Med Nissan sitt infotainment-system Nissan Connect, forbetrast tilkoplingsmoglegheitene og opnar for ei rekke nye funksjonar. Du kan mellom anna «spegle» telefonen din på den nye skjermen som no er på heile 8 tommar. Du får også integrert TomTom-navigasjon med direkte trafikk-informasjon, ver-informasjon og Google Street View. Aldri har det vore lettare å finne fram dit du skal.
Gjennom appen til mobiltelefonen din kan du mellom anna slå på fjernlysa eller bruke lydhornet, noko som er praktisk dersom du ikkje finn at bilen på ein stor parkeringsplass. Sjølvsagt er det også støtte for Apple Carplay og Android Auto.
Har du lyst til å oppleve nye Nissan Navara på eigenhand?
Vi i Frydenbø Bilsenter er opptatt av gode opplevelser når du kjører bil, men også når du besøker nettsiden vår. Derfor bruker vi informasjonskapsler. Noen av disse er nødvendige for at nettsiden vår skal fungere, mens andre brukes for statistikk og tilpasset markedsføring.
Les mer om vårt personvern her.