Ein epoke er over, og nyleg vart det aller siste importerte eksemplaret av ikonet Volkswagen Golf overlevert kunde her i Norge. Og det skjedde hos Frydenbø Bil i Ørsta.
– Det er importert nesten 280.000 eksemplar av Volkswagen Golf til Norge, og då er det både spesielt, og kanskje litt vemodig også, at det no er slutt, seier Kjell Snipsøyr, salsleiar hos Frydenbø Bil i Norge.
– Det som er kjekt, er at akkurat den siste Golf-en vart utlevert frå vårt anlegg, seier han.
Den aller siste importerte Volkswagen Golf i Norge, pynta med sløyfe, klar for levering til ein trufast kunde.
– Volkswagen Golf er med god margin Norges mest selde modell gjennom tidene og innehar 18 førsteplassar, ni andreplassar og sju tredjeplassar på salsstatistikkane i løpet av dei 50 åra modellen har vore på marknaden, seier Jan Tore Kopperud, også kalla «Mr. Golf», ettersom han har vore produktsjef for Volkswagen Golf i 25 år i Volkswagen personbil i Harald A. Møller AS.
– Klart vi kjenner på ei viss stoltheit ved å vere det anlegget som får levere akkurat denne bilen, seier Snipsøyr. – Og det til ein kar som har vore ein særs trufast kunde som har tatt ut veldig mange bilar hos oss over ein periode på nærare 40 år, Andreas Leine. Denne gongen vart det ein Golf Style 4MOTION.
– Eg kjøpte min første Volkswagen Golf då eg var 18 år – ein 1,8 CL med 90 hestekrefter (1986 modell).
Sidan den gong har vi hatt Golf og Polo om kvarandre, og Golf-en har vore ein fantastisk bil. Den kan eg få spesifisert akkurat slik eg ønskjer med «alt» utstyr, og den er etter mi mening den absolutt beste bilen i sitt segment.
Elbil er ikkje akkurat den store draumen for meg, seier han. – Derfor vart Golf-en bestilt i romjula i fjor, seier Andreas, som no kan smykke seg med at han har fått utlevert den aller siste Møller-importerte Volkswagen Golf med fossil motor som blir utlevert frå forhandlar her til lands.
– I Norge har utfasinga av fossile modellar og det at Golf ikkje lenger vert levert som elbil, medført at det ikkje lenger er noko marknad for bilen. Skal vi tru signal og utsegn frå toppleiarar i Volkswagen er det godt mogleg Golf vil gjenoppstå som ein fullelektrisk modell i framtida og at vi derfor kan håpe på eit comeback av Golf på den norske marknaden om nokre år, seier Sølve Kværn, midlertidig leiar for Volkswagen personbil i Harald A. Møller AS.
Andreas sprettar kaka i høve utlevering av den nye bilen sin.
Vi i Frydenbø Bil gratulerer Andreas Leine med den nye Golf-en, takkar for tilliten han nok ein gong har vist oss, og ønskjer han mange gode mil med ein bil som rett og slett er historisk, som den siste fossildrivne Volkswagen Golf som vart importert til Norge.
Kake er sjølvsagt på ein slik dag, saman med innråma bevis på at Andreas Leine er eigar av den siste fossildrivne Volkswagen Golf som er importert til Norge.
Vi i Frydenbø Bilsenter er opptatt av gode opplevelser når du kjører bil, men også når du besøker nettsiden vår. Derfor bruker vi informasjonskapsler. Noen av disse er nødvendige for at nettsiden vår skal fungere, mens andre brukes for statistikk og tilpasset markedsføring.
Les mer retningslinjer for personvern her.