Erick fra Sogndal lånte nyheiten Volkswagen ID.7 ei helg. Under kan du lese om han si oppleving av bilen.
Tusen takk for lånet og testinga av Volkswagen ID.7. Den var ein fryd å køyre. Tenkte berre eg skulle dele litt om det eg opplevde som forbrukar.
Bilen er stille å køyre, både i høge og låge hastighetar. Og sjølv om den nesten er 5 meter lang og veg over 2 tonn, gøymer den det bra når ein køyrer den. Motoren gir nok kraft til å kome godt raskt opp i fart for til dømes å kome ut av rundkøyringar, ut av busslommer eller foreta ei forbikøyring. Likevel var det vanskeleg å teste motorens heile potensiale når det er så dårleg føre som det er. Den har også ein bra svingradius for å vere så lang som den er. Til tider følte eg meg litt utrygg med glatt veg og bakhjulstrekk.
Bilen sine lys er veldig smarte som skrur av delar av lyset for motgåande trafikk. Det var ikkje alltid dette fungerte som er veldig dumt. Uansett var lysa sterke med god spreiing. Fint var det også med lys i dørhandtaka framme som viste Volkswagen sin logo i bakken.
Bilen sin køyreassistent var veldig smart og avslappande å bruke der vegen var tørr og bra oppmerka. Ikkje trygt nok føre til å teste den til noko anna enn det.
Når ein først kjem inn i bilen møter ein seter som er komfortable for lange turar. Den ser veldig fin ut i mørket med ambientbelysninga. Dashbordet var lite med lite justeringsmoglegheiter (som eg fann), men viser det som er nødvendig. Head-up-displayet var veldig bra med stor skrift som ikkje dekker synet av vegen og mogelegheit for å velje litt kva som skal stå det er bra. Den var også rask til å varsle når du er på veg av vegen. Hovudskjermen i bilen er nesten unødvendig stor, men det betyr i alle fall at den har store knappar som er lett tilgjengelege. Framleis lite praktisk i forhold til vanlege knappar frå sjåfør si side. Det same om rattet. Skjermen har uansett kome ein lang veg frå slik den var før. (Fekk ikkje utforska skjermen til det fulle)
Høgtalarane i bilen er gode nok, men ikkje noko å skryte av.
Kan heller ikkje klage om plassen i bilen. Framme følte eg meg langt i frå klaustrofobisk som sjåfør, med gode justeringar i både sete og ratt. I midtkonsollen var det mykje plass til å legge frå seg forskjellige ting ettersom dei flytta girspaken bak rattet, som fungerer veldig bra. Baksetet var eg lite i, men nok plass bak meg sjølv, på ca. 185 cm, til kne og hovud. Bagasjerommet er enormt med mogelegheit til å flytte ned golvet. Også veldig praktisk med at luka opnast heilt frå taket.
Forbruket på turane endte opp å bli nok til å køyre 435-445 km på vinterføre i temperaturar heilt nede til -16 grader. Det var mykje tunellarbeid, som vil seie at gjennomsnittshastighetene berre blei 56 og 58 km/t. Rundt 400 km på vinteren kan vi utan motorvegar vente oss.
"Alt i alt ein god familie bil med mykje plass og gode køyreeigenskapar."
Skjermen har kome ein god veg frå sine ID.4-dagar, men framleis lite brukarvennleg for sjåfør med ingen fysiske knappar. Same sagt om rattet. Alt som manglar for å bli favoritt hos nordmenn no er firehjulstrekk og stasjonsvognvariant.
Ting eg ikkje fekk sett på: bagasjeromplass, lading, hovudskjermen.
Mvh.
Erick Nsabimbona
PS: Dette er kundens si eiga oppleving med bilen, og er ikkje redigert av Frydenbø Bil.
Førde Sogndal Ørsta Stryn Molde
Vil du gjøre deg kjent med bilen og alle dens fortreffelige nyheter, som for eksempel velværeprogrammet som inkluderer massasjesete og smart glass panoramatak, eller stemmestyring, rekkevidde og ladehastighet kan du lese mer her:
Vi i Frydenbø Bilsenter er opptatt av gode opplevelser når du kjører bil, men også når du besøker nettsiden vår. Derfor bruker vi informasjonskapsler. Noen av disse er nødvendige for at nettsiden vår skal fungere, mens andre brukes for statistikk og tilpasset markedsføring.
Les mer retningslinjer for personvern her.